Astrid takkar av etter mange år som klubbrådgjevar i Trekløveret 4H – vi treng difor nye klubbrådgjevarar.
Vi kallar difor inn til «foreldremøte» på skulen TORSDAG 8, JANUAR KLOKKA 18.00
Ein klubbrådgjevar kan vere foreldre eller andre vaksne som har tid og interesse for å vere med saman med styret å organisere aktiviteten i laget.
4H har eige styre vald av medlemane som driv lagsarbeidet, – men dei treng vaksne medhjelparar som kan kome med råd og rettleiing.
VI VONAR AT MANGE MØTER OPP PÅ «FORELDREMØTE», DER VERT DET MEIR INFORMASJON OM DETTE OG PLANENE FOR ÅRET.
VEL MØTT!
Trekløveret 4H
Styret og Dianne