Folkemøte

Møte om nytt breibandstilbod til bygdene Haus, Ervik og Kjølsdalen (Øvre)

 Bredband

Eid kommune har fått tildelt statlege midlar for utbygging av betre breibandstilbod til innbyggjarane i Haus, Ervik og Kjølsdalen. Prosjektet har vore ute på nasjonalt anbod, der Enivest AS blei valgt til leverandør.

 

Prosjektet har oppstart i disse dagar, og skal vere ferdigstilt om 6 månader, dvs i løpet av september 2015. Husstandane i disse bygdene vil bli tilbodne ei trådlaus løysing med kapasitetar opp til 10/10 MB (ned/opplasting). Eige bestillingsskjema frå Enivest AS følgjer med dette rundskrivet.

Bestillingsskjema radiokundar på Haus, Ervik og Øvre Kjølsdalen

Bestillingsskjema sendes innen 15. mai (for fri etablering) til: Enivest AS, c/o SFE AS, Bukta, 6823 SANDANE. Eventuelt på e-post til sjur.gimmestad@enivest.no. Hvis du har spørsmål, kan du ringe Sjur Gimmestad på telefon 57 00 91 23/414 12 521.

For dei kundane som bestillar innan 15. mai 2015, vil det bli gratis etablering. Abonnement begynner uansett ikkje å gjelde før løysinga er installert hos kunden.

 

For meir informasjon om løysinga inviterer vi til ope folkemøte der representantar frå Enivest AS vil presentere løysinga og svare på spørsmål frå innbyggjarane. Eid kommune vil også vere til stades på møta.

Velkomen til ope folkemøte på

  • Kjølsdalen skule, tysdag 14. april 2015 kl 20.00

enivest

SognOgFjordaneEid

 

Helsing

 

Enivest AS og Eid kommune i samarbeid med Øystein Nes og KKUL v/Cato Albrigtsen